Blautkake (kremkake)

Blautkake (kremkake)

Servings

4

Ingredienser
Kakebotn (sukkerbrød)
4 egg
2 dl sukker
1 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 ts bakepulver

Steikjetid: ca 50 minutt

Fremgangsmеte
Slik gjer du:
1 Visp eggedosis av egg og sukker.
2 Bland kveitemjøl, potetmjøl og bakepulver.
3 Sikt blandinga opp i eggedosisen og bland forsiktig.
4 Hell røra i ein smurd og strødd rund form.
5 Set forma på rist og steik sukkerbrødet i omtrent 50 minutt på nedste rille i omnen.

Steikjetemperatur: ca 150 ºC.
Det er viktig at egg og sukker er vispa godt nok.
Mjølmengda er tilpassa mellomstore egg. Er egga store, må mjølmengda aukast litt. Dersom røra er for tynn, vil kaka lett falle saman. Denne porsjonen høver til ei form med ein diameter på 24 centimeter.
Blandingsforholdet er slik at du lett kan variere storleiken på oppskrifta.

Fyll til blautkake:
1 Mos bær, frukt eller syltetøy og bland det med stivpiska krem. Smak til så det blir passe sterk smak.
2 Lag vaniljekrem (bruk halvparten så mykje mjølk som til dessertsaus). Avkjøl vaniljekremen og bland han med stivpiska krem.
3 Pass på at du held av nok krem utan frukt eller vaniljesaus, slik at du har til å dekkje sida og toppen av kaka.

Til ei blautkake som er laga av fire egg, må du rekne med 1/2-3/4 liter krem, alt etter kor mykje fyll du skal ha i kaka, og korleis du vil pynte ho. Pyntealternativa er mange. Bruk fantasien!

Recipe By

Kosmo Avatar

Share

Favorite