Italiensk Pizza

Italiensk Pizza

Servings

5

Cook

3 hr 30 min

Ingredienser
Deig:
9 dl kveitemjøl.
3 dl vatn.
1/2pk tørrgjær eller 25 g fersk gjær.
1/2 ts Salt.

Tomatsaus:
1/2 boks hakka tomater.
2 ss tomatpurè.
Mjøljevning.
Kaldpressa olivenolje.
Salt.
Pepper.
Oregano.
Basilikum.
Merian.
Timian.
Rosmarin.

Topping.
Her kan du bruke kva du vil men det eg foretrekker er:
Ost: Mozzarella og Parmesanost er typiske pizzaostar men ein kan bruke dei fleste typar ost.
1/2 løk.
2-3 ferske sjampinjongar.
Bacon
Parmaskinke
Ferske Sherrytomatar
Steikt kjøttdeig.

Fremgangsmеte
Deig:
Bland Gjær, lunkent vatn (37 grader) og 3 ss mjøl. la det stå i 10 minutt.

Legg deretter resten av mjølet blanda med salt på på bordet, lag ei grop på toppen av mjølhaugen og elt deigen godt i 10 minutt.

Deigen skal få heve i minst 3 timar men det beste er om den får heve over natta
når deigen har fått heve ferdig, elt den kraftig i nye 10 minutt, og bak den ut (så flatt som absolutt mulig) på ei plate med bakepapir på.

Tomatsaus:
Varm opp ei gryte og hell i tomatane og tomatpurèen,
bland i Olje og mjøljamning, (mjøljamninga lagar du ved å blande 2 ss mjøl i eit glas vatn og blande godt.)
Smak til med salt, pepper og krydder.
la det småputre i 2-3 minutt og avkjøl.

Smør tomatsausen på pizzabotnen og ha på riven ost og legg på topping etter smak og behag steik den på (helst 600 grader, om du har ein pizzaomn.) Viss ikkje, steik den på 300 grader i 10 minutt pass på pizzaen heile tida.

Denne pizzaen har ein tynn og sprø deig akuratt slik ein italiensk pizza skal vere.

Bon Apetìt.

Recipe By

Kosmo Avatar

Share

Favorite